Som operatør i kran- og lyfteoperasjonar kan du få arbeid innanfor industriverksemd som bygg og anlegg, offshore, transport og sjøfart.
Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha evne til å takle nye utfordringar på ein rask og god måte. Du må dessutan ha samarbeidsevner og kunne finne løysingar på uventa problem. Du må ha positive haldningar til sikkerheitsarbeid.
For å bli godkjend må du tilfredsstille dei medisinske krava frå Oljedirektoratet eller Direktoratet for arbeidstilsynet.