Som fiskar kan du få arbeid på ulike fiskefartøy, drive som sjølvstendig fiskar eller skaffe deg kystskippersertifikat for å kunne føre eigen båt. Tek du STCW-sertifikat, kan du få arbeid på båt tilsvarande ein matros.
Fiskarane har forskjellige oppgåver avhengig av kva slags båt dei er på, og kva slags fiske som blir drive. Fagarbeidaren arbeider gjennom ein sesong med
Når du skal arbeide om bord på fiskebåtar, må du vere uthaldande og ha god fysisk styrke. Fiskaren må kunne tilpasse seg dei små og tette miljøa om bord i eit fartøy. Det blir stilt store krav til sikkerheit og fagleg innsikt av mannskapet om bord i fiskefartøy. Du må vere førebudd på å handtere nødssituasjonar.