Fu-operatørar arbeider både offshore og onshore, altså både til havs og på land. Offshore jobbar mange innan petroleumsverksemd på norsk og utanlandsk sokkel, der dei kan delta i heile livsløpet til eit felt – frå utbygging til drift og stenging.
På land blir Fu-kompetanse brukt i stadig fleire bransjar, mellom anna innan kraftindustrien, kritisk infrastruktur i vassfylte og lukka miljø, landbasert industri og ved inspeksjon av tronge eller vanskeleg tilgjengelege område. Fu-operatørar kan i tillegg arbeida i fiskeoppdrettsnæringa, forskingsmiljø og i rednings- og beredskapsarbeid.
Fjernstyrte undervassoperasjonar (FU) omfattar ei rekkje arbeidsområde med fjernstyrte undervassfarkostar og fjernstyrte undervassverktøy. Hovudoppgåva til FU-operatøren er å operere FU-farkosten, men han skal òg drive vedlikehald, feilsøkje, reparere, skifte ut, installere, kontrollere og justere elektroniske, elektriske og hydrauliske styre- og reguleringssystem. Hovudaktivitetar under vatn er
Du må ha kontinuerleg fokus på sikkerheit og forbetring av arbeidsmiljøet. Arbeidet krev at du kan samarbeide og er nøyaktig. Det er òg viktig med kreativitet for å finne løysingar på uventa problem.