Opptakskrav til høgare utdanning
Med generell studiekompetanse kan du søkje dei fleste studium ved høgskolar og universitet. Men nokre studium har spesielle opptakskrav:
- Opptaksprøver: Mange mediefaglege studium krev ei praktisk opptaksprøve. Med medium og kommunikasjon får du eit godt grunnlag for å gjennomføre slike opptaksprøver.
- Realfagskrav: Nokre studium krev at du har visse realfag. Eksempel på slike studium er ingeniør-, realfags- og medisinske studium. Du finn opptakskrava til høgskole- og universitetsstudium på samordnaopptak.no. På medium og kommunikasjon kan det vere vanskeleg å få plass på timeplanen til å velje alle dei realfaga du treng. Sjekk med skolen din om dei kan tilby deg dei realfaga du ønskjer å ta.