Medium og kommunikasjon
Du lærer
- forteljarteknikkar innan tekst, lyd og bilete
- om mediepåverknad, mediehistorie og journalistikk
- å utforme bodskap, uttrykk og layout
- bruk av form, farge, lys og lyd som verkemiddel
- å vidareutvikle den digitale kompetansen din
- teoretiske fag
Passar for deg som
- liker å lage innhald med tekst, bilete, lyd eller video
- liker å utvikle idear og gjere dei om til ferdige medieprodukt
- er nysgjerrig på korleis media påverkar menneske og samfunn
- vil lære å tilpasse bodskap til ulike målgrupper og kanalar
- er oppteken av kjelder, truverd og ansvarleg publisering
Om du tek høgare utdanning, kan du mellom anna bli
- journalist, tekstforfattar eller innhaldsprodusent
- webdesignar, interaksjonsdesignar eller spilldesignar
- lydteknikar, lyd- eller filmprodusent
- kommunikasjonsrådgivar eller mediums- og samfunnskonsulent
Arbeidsstader kan vere
- aviser eller magasin
- reklamebyrå eller kommunikasjonsbyrå
- produksjonsselskap eller mediebedrifter
- offentlege bedrifter
Opptakskrav til høgare utdanning
- Opptaksprøver: Mange mediefaglege studium krev ei praktisk opptaksprøve. Med medium og kommunikasjon får du eit godt grunnlag for å gjennomføre slike opptaksprøver.
- Realfagskrav: Nokre studium krev at du har visse realfag. Eksempel på slike studium er ingeniør-, realfags- og medisinske studium. På medium og kommunikasjon kan det vere vanskeleg å få plass på timeplanen til å velje alle dei realfaga du treng. Sjekk med skolen din om dei kan tilby deg dei realfaga du ønskjer å ta.
Val av fag
- Tre programfag kan du velje sjølv, eitt på Vg2 og to på Vg3. Dei valfrie programfaga kan vere vidare spesialisering innan medium og kommunikasjon og/eller fag frå eit anna programområde i studieførebuande utdanningsprogram (for eksempel realfag eller framandspråk).
- Det er opp til skolen din kva programfag dei tilbyr.
- Hadde du ikkje framandspråk på ungdomstrinnet? Då må du ta framandspråk som fellesfag på Vg3 i staden for eitt av dei to valfrie programfaga på Vg3.
- Har du spesielle framtidsdraumar? Då bør du sjekke opptakskrava til studia, før du velg fag.
- Programfag i framandspråk og realfag gir tilleggspoeng ved opptak til høgare utdanning.