Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign

Du lærer

  • design og visuelle uttrykk
  • vidareutvikling av kreative ferdigheiter
  • utvikling og utføring av ulike teknikkar og uttrykk
  • om stilhistorie og trendar
  • om kommunikasjon og kundebehandling

Du bør vere

  • kreativ og ha estetisk sans
  • interessert i å arbeide med hendene
  • interessert i visuelle uttrykksformer
  • nøyaktig og uthaldande

Du kan bli

Arbeidssteder

  • blomsterforretning eller blomsterverkstad
  • frisørsalongar eller teater
  • reklame-, design- og mediebyrå
  • eiga bedrift

Vidare utdanning

Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller sveinebrev). Etter fullført yrkesfagleg opplæring kan du gå ut i arbeid eller ta vidare utdanning:
  • Du kan ta vidare utdanning på fagskole. Ei fagskoleutdanning er ei kort og yrkesretta vidareutdanning som er berekna på dei som har gått yrkesfag.
  • Du kan ta meisterbrev dersom du har fag- eller sveinebrev i eit fag som ligg under meisterbrevordninga, og dersom du har nok praksiserfaring. Meisterutdanninga kvalifiserer deg til ei leiar- eller mellomleiarstilling på fagområdet ditt, og ho gjev deg kompetanse til at du kan starte di eiga bedrift.
  • Vg3 påbygging til generell studiekompetanse
    - etter Vg2 eller
    - etter oppnådd yrkeskompetanse
    Då har du moglegheit til å ta høgare utdanning ved høgskole eller universitet. Hugs at nokre studium, f.eks. ingeniør-, realfags- og medisinske studium, føreset at du har visse realfag.
  • Du kan også søkje opptak til høgare utdanning etter forkurs eller gjennom Y-vegen, yrkesfagleg veg til høgare utdanning. Y-vegen er berekna på deg som har relevant yrkeskompetanse. Forkurs og Y-vegen er vanlegast innan realfags- og ingeniørstudium.