Mangfoldsrådgivarar

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har oppretta stillingar som mangfoldsrådgivarar ved vidaregåande skolar som har mange minoritetsspråklege elevar.

Mangfoldsrådgivarane skal ha tett kontakt med elevar med minoritetsbakgrunn, foreldre, lærarar, andre rådgivarar, helseteneste og fritidstilbod. Dei skal mellom anna

  • bidra til at elevar med minoritetsbakgrunn gjennomfører og består vidaregåande opplæring
  • bidra med konkret rådgiving og oppfølging av enkeltelevar
  • danne elev- og foreldrenettverk med tanke på å førebyggje negativ sosial kontroll, tvangsekteskap, æresrelatert vald og kjønnslemlesting

Nærmare informasjon, for eksempel om kva skolar som har mangfoldsrådgivarar, finn du på nettstaden imdi.no.

Desse fylka har tilleggsinformasjon til dette punktet