I vidaregåande opplæring er det ca. 200 programområde som fører fram til yrkeskompetanse med fag- eller sveinebrev. Desse blir kalla lærefag. Du kan også ta yrkesutdanning som lærekandidat eller praksisbrevkandidat, med opplæring tilpassa behova og måla dine.