Loading...

Elevutveksling

Elevutveksling betyr at du tek vidaregåande opplæring i utlandet, eller at utanlandske elevar tek vidaregåande opplæring i Noreg.

Kven kan vera utvekslingselev?

Utvekslingselevar er vanlegvis elevar i vidaregåande skule som tek skule på same nivå som norsk vidaregåande.

Kva land er vanlege for elevutveksling?

Vanlege utvekslingsland for norske elevar er mellom anna USA, Storbritannia, Irland, Canada, Australia, New Zealand, Tyskland, Frankrike, Spania og Italia. Kva land du kan reisa til avheng av utvekslingsorganisasjonen.


Korleis er det å vera utvekslingselev?

Du bur hos ein vertsfamilie og går på ein lokal skule. Du får erfaring med skule, språk og kvardagsliv i eit anna land.


Når passar det å reisa på utveksling?

Dei aller fleste som reiser på utveksling er elevar på vg2 studieførebuande utdanningsprogram. Snakk med rådgivaren på skulen om kva moglegheiter du har.


Må eg søkja vidaregåande skule i Noreg?

Ja. Du må søkja skuleplass i Noreg på vanleg måte innan søknadsfristen, sjølv om du planlegg å reisa på utveksling.


Blir skuleåret i utlandet godkjent i Noreg?

I nokre tilfelle kan skuleåret i utlandet bli godkjent som eit fullverdig skuleår i Noreg. Det er ikkje automatisk, og avheng av fag og nivå.


Kva bør eg gjera før eg reiser?

Du bør planleggja i god tid, snakka med rådgivar og melda frå til inntakskontoret om planane dine.


Finst det økonomisk støtte?

Ja. Det finst stipend som kan dekkja delar av kostnadene. Ta kontakt med Lånekassen for meir informasjon.

Desse fylka har tilleggsinformasjon til dette punktet