Arbeidet blir utført i trykkjeri, i eigne avdelingar i mediehus eller i bedrifter som produserer salsfremjande effektar og emballasje.
Som fagoperatør i grafisk produksjonsteknikk jobbar du med å formidle informasjon, kunnskap, nyheiter, underhaldning, kultur, reklame og andre medieprodukt i alle typar trykte medium. Du jobbar mellom anna med
Du må ha blikk for detaljar og like å jobbe med fargar og materiale. Du bør vidare ha sikker vurderingsevne for å gje kunden det ønskte produktet og praktisk handlag for å styre avansert produksjonsutstyr. Det er også viktig at du har god forståing for logistikk, har god orden og er ryddig.