Servitøren arbeider i alle typar serveringsstader, hotell og restaurantar og i lokale der det blir arrangert selskap/bankettar eller kurs og konferansar.
Ein servitør må ha gode kunnskapar om mat og drikke, kunne arbeide planmessig og hygienisk, både sjølvstendig og saman med andre. Du må ha god presentasjonsevne, både munnleg og skriftleg, gode språkkunnskapar, og ei positiv og innbydande framferd. Du må ha god kommunikasjon med kollegaer og gjestar, og vise forståing for gjesten sine ønskje og behov.
Ein servitør arbeider ofte skift.