Dette utdanningsprogrammet gir deg generell studiekompetanse og grunnlag for å søjke dei fleste studium ved høyskolar og universitet, for eksempel innan medie- og kommunikasjonsfag, og det gir deg eit breitt utgangspunkt for yrkesval. Du kan for eksempel arbeide med journalistikk og informasjon, programtilvirking, film- og videoproduksjon, animasjon, lyd- og lysproduksjon og nettbasert medieproduksjon.
Du bør vere kreativ, ha god språkkjensle og kritisk sans. Vidare må du kunne kommunisere og samarbeide godt, og kunne handtere problem under stress. Du bør ha interesse for IKT og digital teknologi.