Ein mediedesignar kan jobbe i medie- og kommunikasjonssektoren, reklame-, design- og mediebyrå, forlag, aviser, grafisk bransje, film- og TV-bransjen og innanfor informasjonsverksemd i privat og offentleg sektor.
Sentrale arbeidsoppgaver
Mediedesignaren jobbar med visuell kommunikasjon og design av medierelaterte produkt. Arbeidsoppgåvene handlar mellom anna om • konsept- og idéutvikling • design og produksjon av tekst, bilete og lyd for ulike publiseringsløysingar og for ulike målgrupper • bruk av verkemiddel og ulike teknikkar i design av produkt eller brukaropplevingar • arbeid med formspråk og visuelle verkemiddel • bruk av utstyr og programvare
Personlige egenskaper
Du bør vere interessert i visuell kommunikasjon, design og teknologiske løysingar. Du bør vere kreativ, nysgjerrig og ha problemløysingsevner. Det er viktig at du kan arbeide både sjølvstendig og i team.