Arbeidsplassar for ein finmekanikar finst mellom anna i verksemder som arbeider med service på mikroskop og kamera, i bedrifter som produserer små detaljar med stor grad av nøyaktigheit, ved medisintekniske avdelingar på sjukehus og ved forskingsinstitusjonar som universitet og høgskolar.
Finmekanikaren byggjer saman måle- og kontrollutstyr og justerer det. Døme på produkt kan vere delar til mikroskop, instrument og utstyr til laboratorieforsking. Sentrale arbeidsområde er
Ein finmekanikar må kunne arbeide planmessig og sjølvstendig. Produkta er ofte små og lette, noko som igjen krev fine toleransar og pasningar. Du bør ha godt handlag, evne til å arbeide nøyaktig, vere god i matematikk, vere fingerferdig og ha evne til å sjå både teoretiske og praktiske løysingar. Språk som tysk og engelsk er vanlege i manualar og tekniske oppslagsverk.