Som fagarbeidar på dette området kan du få arbeid i bedrifter som driv med kuldemontering og vedlikehald av kuldetekniske installasjonar.
Arbeidsoppgåvene til ein kulde- og varmepumpemontør er montering, oppstart og innregulering, ettersyn og vedlikehald av kjøle-, fryse- og varmepumpeanlegg med tilhøyrande røyropplegg, elektriske og automatiserte styringssystem.
Du må kunne arbeide planmessig, både sjølvstendig og saman med andre. Du bør vere nøyaktig, ha godt handlag og interesse for teknologi.