Duodji er ein samisk handverks- og kulturtradisjon. Som urfolk har samane skapt sine klede, bruksting og prydting av materiale frå naturen og utvikla handverket som heiter duodji.
Ein horn-, bein- og metallduojár arbeider i mindre handverksbedrifter og verkstader. Det kan vere sølvsmier, kunsthandverks- eller brukskunstbedrifter.
Ein horn- bein- og metallduojár produserer, reparerer og vedlikeheld tradisjonelle og nye produkt i horn, bein og metall. Nokre eksempel er knivar, hornslirer, skinnskraper, grindvevar, skytlar, skeier, koftespenner, belteknappar og smykke. Horn-, bein og metallduojáren utviklar også nye produkt i eit urfolksperspektiv.
Sentrale arbeidsområde er
Du bør ha godt handlag og god formsans.