Arbeidsplassar for ein steinfagarbeidar finst i små og nokre større private bedrifter innanfor steinbransjen, ute i steinbrot eller inne på verkstader.
Fagutføringa kan variere frå manuelt arbeid til bruk av svært avanserte maskiner. Sluttprodukta er gjerne monument, dekkstein for uteareal eller forskjellige typar bygningselement. Sentrale arbeidsområde er
Steinfagarbeidaren skal kunne arbeide planmessig og sjølvstendig. Du må òg kunne vurdere om arbeidet er i tråd med behova til brukarane og samfunnet. Du bør vere nøyaktig og ha godt handlag, forståing for miljø- og naturressursar og estetisk sans.