Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign
Du lærer
- design og visuelle uttrykk
- vidareutvikling av kreative ferdigheiter
- utvikling og utføring av ulike teknikkar og uttrykk
- om stilhistorie og trendar
- om kommunikasjon og kundebehandling
Du bør vere
- kreativ og ha estetisk sans
- interessert i å arbeide med hendene
- interessert i visuelle uttrykksformer
- nøyaktig og uthaldande
Du kan bli
Arbeidssteder
- blomsterforretning eller blomsterverkstad
- frisørsalongar eller teater
- reklame-, design- og mediebyrå
- eiga bedrift
Vidare utdanning
Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller sveinebrev). Etter fullført yrkesfagleg opplæring kan du gå ut i arbeid eller ta vidare utdanning:
- Du kan ta vidare utdanning på fagskole. Ei fagskoleutdanning er ei kort og yrkesretta vidareutdanning som er berekna på dei som har gått yrkesfag.
- Du kan ta meisterbrev dersom du har fag- eller sveinebrev i eit fag som ligg under meisterbrevordninga, og dersom du har nok praksiserfaring. Meisterutdanninga kvalifiserer deg til ei leiar- eller mellomleiarstilling på fagområdet ditt, og ho gjev deg kompetanse til at du kan starte di eiga bedrift.
- Vg3 påbygging til generell studiekompetanse
- etter Vg2 eller
- etter oppnådd yrkeskompetanse
Då har du moglegheit til å ta høgare utdanning ved høgskole eller universitet. Hugs at nokre studium, f.eks. ingeniør-, realfags- og medisinske studium, føreset at du har visse realfag. - Du kan også søkje opptak til høgare utdanning etter forkurs eller gjennom Y-vegen, yrkesfagleg veg til høgare utdanning. Y-vegen er berekna på deg som har relevant yrkeskompetanse. Forkurs og Y-vegen er vanlegast innan realfags- og ingeniørstudium.