Folkehøgskular tilbyr eit annleis utdanningsløp utan karakterar og eksamenar. Dette er ei moglegheit til å læra meir om spesifikke interesser som kunst, musikk, sport, reiseliv, eller friluftsliv. Nokon vel eit år på folkehøgskule som ein pause mellom vidaregåande og høgare utdanning.
Dei fleste folkehøgskuleelevar er mellom 18 og 25 år, nokre skular tek også inn nokre elevar under 18 år. Evje Folkehøgskole og Sjøholt folkehøgskule har 16-årsgrense. Ingen folkehøgskular har øvre aldersgrense. Det finst folkehøgskular med ulike tilbod rundt om i heile landet.
På folkehogskole.no finn du mykje informasjon om det å gå på folkehøgskule.