Arbeidsplassane er knytta til oljeindustrien nasjonalt og internasjonalt innan manøvrering og installasjon av mekanisk utstyr i brønnar.
Sentrale arbeidsoppgaver
Sentrale arbeidsoppgåver er
handtering og vurdering av risikofylte operasjonar
kontroll, klargjering, bruk og vedlikehald av overflateutstyr, trykkontrollutstyr og mekanisk brønnverktøy
planlegging, gjennomføring og dokumentasjon av brønnoperasjonar
utarbeiding av dokumentasjon, rapportar, arbeidsløyver og sikker jobb-analyseskjema
manøvrering og installasjon av mekanisk utstyr
måling og berekning av trykk og volum i brønnar
innhenting av prosedyrer og dokumentasjon fra datasystem
Personlige egenskaper
Ein brønnoperatør, mekaniske kabeloperasjonar, skal vere ansvarleg, nøyaktig og arbeide sjølvstendig. Arbeidet foregår under krevjande forhold og stiller høge krav til kvalitet, helse, miljø og tryggleik og den enkeltes funksjonsdugleik. Du må kunne samarbeide med andre faggrupper. Du bør ha gode engelskkunnskapar.