Tekstilrensaren arbeider i reinseri. Tekstilrensarar blir brukte i mange bedrifter i Noreg som tilbyr tenester til forbrukarar og mindre storkundar som hotell, restaurantar, kontor, verkstader eller offentlege institusjonar.
Tekstilrensaren reinsar og held ved like alle typar tekstilar, t.d. klesplagg, gardiner, teppe, dyner/puter, overmadrassar, soveposar, skinn og pels. Arbeidsoppgåvene omfattar alle prosessar frå innlevering, kundebehandling, sortering, tekstilreinhald og etterbehandling til sluttkontroll og utlevering. Sentrale arbeidsoppgåver er å
Både av omsyn til arbeidsmiljø og kundar er det viktig at du kan halde det reint og ryddig rundt deg og at du er nøyaktig. Du bør også vere serviceinnstilt overfor kundar.
Som tekstilrensar kjem du i kontakt med ulike kjemiske stoff. Du bør derfor ikkje vere allergisk disponert. I tillegg bør du ha godt fargesyn.