Som automatikar kan du få jobb i prosessindustrien, mekanisk industri og i bedrifter som byggjer, reparerer og held ved like automatiske prosessystem og maskiner.
Ein automatikar jobbar med montasje, drift og vedlikehald av automatiserte system. Det kan til dømes vere dører som opnar og lukkar seg automatisk, alarmsystem eller termostatsstyrte varmeomnar. Automatikaren skal kunne
Faget er tverrfagleg, og det er derfor viktig at du har god heilskapsforståing for prosessar og automatiseringssystem. Bedriftene treng medarbeidarar som forstår samanhengen frå idé til ferdig produkt. Det er òg viktig at du forstår og tek omsyn til behova til brukarane. Du må vere nøyaktig, ha godt handlag og vere interessert i teknologi.