Du lærer
- handverksteknikkar
- om ulike materiale
- om berekraftig design og produktutvikling
- bruk av skisser og produksjonsteikningar
- handverks- og kulturhistorie
Handverk, design og produktutvikling passar for deg som liker å laga ting med hendene og utvikla idear til ferdige produkt. Du får arbeida praktisk med ulike materiale, verktøy og teknikkar, og lærer korleis form, funksjon og design heng saman. Du får prøva ut løysingar, jobba med oppdrag som liknar på ekte arbeidsoppgåver, og laga produkt for ulike behov og kundar. Utdanningsprogrammet passar for deg som er kreativ, nøyaktig og liker å skapa noko som andre kan bruka eller ha glede av.
urmakar, gull- eller sølvsmed
kjole- og draktsyar, kostymesyar eller bunadtilverkar
møbelsnikker, treskjerar eller orgelbyggjar
keramikar, skomakar eller smed
Aktuelle arbeidsstader
Du kan ta vidare utdanning på fagskole. Ei fagskoleutdanning er ei kort og yrkesretta vidareutdanning som er berekna på dei som har gått yrkesfag.
Du kan ta meisterbrev dersom du har fag- eller sveinebrev i eit fag som ligg under meisterbrevordninga, og dersom du har nok praksiserfaring. Meisterutdanninga kvalifiserer deg til ei leiar- eller mellomleiarstilling på fagområdet ditt, og ho gjev deg kompetanse til at du kan starte di eiga bedrift.
Vg3 påbygging til generell studiekompetanse - etter Vg2 eller - etter oppnådd yrkeskompetanse Då har du moglegheit til å ta høgare utdanning ved høgskole eller universitet. Hugs at nokre studium, f.eks. ingeniør-, realfags- og medisinske studium, føreset at du har visse realfag.
Du kan også søkje opptak til høgare utdanning etter forkurs eller gjennom Y-vegen, yrkesfagleg veg til høgare utdanning. Y-vegen er berekna på deg som har relevant yrkeskompetanse. Forkurs og Y-vegen er vanlegast innan realfags- og ingeniørstudium.