Sal, service og reiseliv

Du lærer

  • økonomisk og berekraftig drift
  • om marknadsføring, entreprenørskap og innovasjon
  • administrasjon og digitale verktøy
  • om reiseliv og turisme
  • kundebehandling og sal
  • planlegging og gjennomføring av tryggleikstiltak

Passar for deg som

  • organisert, strukturert og resultatorientert
  • kreativ og ha evne til å tenke strategisk
  • open for ulike kulturar og tradisjonar
  • interessert i å kommunisere med menneske

Du kan bli

  • salgsmedarbeidar eller reiselivsmedarbeidar
  • administrasjonskoordinator eller tryggleiksmedarbeidar

Arbeidsstader kan vere

  • eiga bedrift
  • butikkar eller større bedrifter
  • kontor og hotell
  • vaktselskap, alarmsentralar eller flyplassar
  • turisme- og reiselivsbedrifter

Vidare utdanning

  • Vidare utdanning 1: Du kan ta vidare utdanning på fagskole. Ei fagskoleutdanning er ei kort og yrkesretta vidareutdanning som er meint for dei som har gått yrkesfag.
  • Vidare utdanning 2: Du kan ta Vg3 påbygging til generell studiekompetanse – etter Vg2 eller
  • Vidare utdanning 3: – etter oppnådd yrkeskompetanse Då har du høve til å ta høgare utdanning ved høgskole eller universitet. Hugs at nokre studium, til dømes ingeniørstudium, realfagsstudium og medisinske studium, føreset at du har visse realfag.
  • Vidare utdanning 4: Du kan også søkje opptak til høgare utdanning etter forkurs eller gjennom Y-vegen, yrkesfagleg veg til høgare utdanning. Y-vegen er meint for deg som har relevant yrkeskompetanse. Forkurs og Y-vegen er vanlegast innanfor realfags- og ingeniørstudium.