Elektro og datateknologi
Du lærer
- installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system
- montering, kopling og programmering av elektriske og elektroniske system og anlegg
- reparasjon av elektrisk utstyr
- om utvikling av nye elektroniske produkt
- konfigurering og programmering av utstyr og komponentar
- tryggleik og dokumentasjon
Passar for deg som
- vere nøyaktig og systematisk
- ha anlegg for praktisk arbeid og ha godt handlag
- vere serviceinnstilt og ha ein logisk tenkjemåte
- vere kreativ og ha godt fargesyn
Du kan bli
- elektrikar, elektroreparatør eller energioperatør
- tavle-, signal eller heismontør
- avionikar eller flymekanikar
- romteknolog, data- eller produksjonselektronikar
- automatikar eller FU-operatør
Arbeidsstader kan vere
- offentlege eller private bedrifter
- prosess- eller elektronikkindustrien
- mekanisk industri, energiverk eller jernbanedrift
- data-, fly- eller oljebransjen
Vidare utdanning
- Vidare utdanning 1: Du kan ta vidare utdanning på fagskole. Ei fagskoleutdanning er ei kort og yrkesretta vidareutdanning som er berekna på dei som har gått yrkesfag.
- Vidare utdanning 2: Du kan ta meisterbrev dersom du har fag- eller sveinebrev i eit fag som ligg under meisterbrevordninga, og dersom du har nok praksiserfaring. Meisterutdanninga kvalifiserer deg til ei leiar- eller mellomleiarstilling på fagområdet ditt, og ho gjev deg kompetanse til at du kan starte di eiga bedrift.
- Vidare utdanning 3: Vg3 påbygging til generell studiekompetanse - etter Vg2 eller - etter oppnådd yrkeskompetanse Då har du moglegheit til å ta høgare utdanning ved høgskole eller universitet. Hugs at nokre studium, f.eks. ingeniør-, realfags- og medisinske studium, føreset at du har visse realfag.
- Vidare utdanning 4: Du kan også søkje opptak til høgare utdanning etter forkurs eller gjennom Y-vegen, yrkesfagleg veg til høgare utdanning. Y-vegen er berekna på deg som har relevant yrkeskompetanse. Forkurs og Y-vegen er vanlegast innan realfags- og ingeniørstudium.