Som hovudregel skjer inntaket til vidaregåande opplæring i skole etter poeng, en nokre søkjargrupper kan ha fortrinnsrett til inntak. Fortrinnsretten kan gjelde alle trinn i vidaregåande skole.
Fristen for søknad om fortrinnsrett er 1. februar.
Søkjarar som blir prioriterte først (førerett) i inntaket til vidaregåande opplæring:
- søkjarar til eit spesielt utdanningsprogram på Vg1
- søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne
- søkjarar med rett til opplæring i og på teiknspråk
Fortrinnsrett til eit særskilt utdanningsprogram på Vg1
Har du eit omfattande behov for individuell tilrettelegging og vanskar som gjer at du må følgje eit bestemt utdanningsprogram, har du fortrinnsrett til inntak på Vg1. Vanskane dine må vere av ein slik art at val av utdanningsprogram har svært mykje å seie for at du skal kunne fullføre vidaregåande opplæring med yrkes- eller studiekompetanse. Dersom det er sannsynleg at du kan fullføre tre ulike utdanningsprogram, har du ikkje fortrinnsrett til eit særskilt utdanningsprogram.
Ønsker du å søkje fortrinnsrett, må kommunen, innan 1. oktober og etter ditt samtykke, sende ei melding til fylkeskommunen om behova dine, slik at den pedagogisk-psykologiske tenesta i fylkeskommunen kan gjere ei endeleg sakkunnig vurdering. I meldinga må kommunen leggje ved siste vedtak om spesialundervisning med sakkunnig vurdering og gjere greie for
- vanskane som ligg til grunn for vedtaket om individuell tilrettelegging og kvifor dei meiner du oppfyller vilkåra for inntak til eit særskilt utdanningsprogram
- tidlegare tiltak
- kva vanskane dine vil ha å seie for vidaregåande opplæring
Når du søkjer sjølv, må du ha valt utdanningsprogram på grunnlag av og i samsvar med den sakkunnige vurderinga.
Fortrinnsrett for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne
Har du rett til individuell tilrettelegging og har sterkt nedsett funksjonsevne, kan du søkje om fortrinnsrett dersom du har behov for å bli teken inn på ein skole som er særskilt lagt til rette. Det må liggje føre dokumentasjon som stadfester dei særlege behova dine.
Du har rett til inntak til Vg1 på eitt av tre valde utdanningsprogram, men fylkeskommunen vurderer på individuelt grunnlag om det er tungtvegande grunnar for at du bør takast inn til ein bestemt skole. Du har ikkje rett til inntak på ein bestemt skole.
Innan 1. oktober skal kommunen, etter ditt samtykke, melde frå til fylkeskommunen om at du har sterkt nedsett funksjonsevne.
Du kan også søkje om fortrinnsrett til inntak til Vg2 og Vg3 etter denne føresegna. Dette gjeld sjølv om du ikkje var teken inn til Vg1 med fortrinnsrett. Du har da rett til inntak på eit Vg2 eller Vg3 som byggjer på det utdanningsprogrammet eller programområdet du tidlegare har fullført. Var du teken inn til Vg1 med fortrinnsrett, har du rett til å halde fram på den same skolen. Har du ikkje tidlegare nytta deg av fortrinnsretten på grunn av sterkt nedsett funksjonsevne, har du ikkje rett til inntak på ein bestemt skole.
Fortrinnsrett for søkjarar med rett til opplæring i og på teiknspråk
Har du rett til opplæring i eller på teiknspråk, kan du søkje om fortrinnsrett til
- inntak til Vg1 med bruk av tolk i ordinær vidaregåande skole
- inntak til skolar som har opplæring i og på norsk teiknspråk.
I søknaden må du opplyse om kva du prioriterer høgast. I samband med søknaden din skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering som blant anna gjer greie for og tek standpunkt til
- det behovet du har for opplæring i og på teiknspråk
- om behovet ditt blir sikra best gjennom opplæring i eit teiknspråkleg miljø eller ved opplæring på ein ordinær skole med tolk
- om du har tilleggsvanskar utover høyrslehemminga, slik at det kan vere behov for individuell tilrettelegging
Du har rett til inntak til eitt av tre valde utdanningsprogram. Fylkeskommunen kan plassere deg på ein skole som er tilrettelagt etter behova dine. Blir du teken inn til ein skule som har opplæring i og på norsk teiknspråk har du normalt rett til å fullføre opplæringsløpet ved denne skolen.
Blei du teken inn til ordinær vidaregåande opplæring med tolk eller til ein skole som har opplæring i og på norsk teiknspråkpå Vg1, kan du søkje om å bli teken inn med fortrinnsrett til ordinær vidaregåande opplæring med tolk på eit Vg2 eller Vg3 som byggjer på det utdanningsprogrammet eller programområdet du har avslutta. Fylkeskommunen kan da plassere deg på ein skole som er tilrettelagt.
Føresetnaden for inntak til Vg2 eller Vg3 er anten at du har bestått alle faga på det føregåande trinnet, eller at fylkeskommunen, etter ei heilskapleg vurdering, finn det forsvarleg at du ut frå dei faglege føresetnadene dine blir teken inn på neste trinn.
Informasjon frå Akershus
For søkere med behov om fortrinnsrett skal det sendes en tilmelding til fylkeskommunen innen 1.oktober (lenken er ikke aktiv etter tilmeldingsfrist). Dokumentasjonen som legges ved må være av nyere dato, og skal inneholde følgende:
- Sakkyndig vurdering med IOP og enkeltvedtak.
- Annen relevant dokumentasjon fra for eksempel fra BUP, barnevernstjenesten og habiliteringstjenesten.
- Pedagogisk rapport. Bruk malen utarbeidet av seksjon Dimensjonering og inntak (vedlagt mal nederst på siden)
Etter at vigo.no har åpnet for søking registreres skoleønsker og utdanningsprogram for søkeren. Husk at også fortrinngssøkere har rett til ett av tre utdanningsprogram. Det sendes også inn følgende vedleggsskjema innen 1.februar. Om det finnes ny dokumentasjon som er relevant for søkeren, kan dette legges ved. Dokumentasjon som ble sendt med tilmeldingen behøver ikke sendes på nytt.
Ved spørsmål om fortrinnsrettsøknader til videregående skole i Akershus fylkeskommune, kontaktes seksjon dimensjonering og inntak på:
Telefon: 22 05 50 22
E-post: inntak@afk.no
Ofte stilte spørsmål om fortrinnsrett
Hvilke elever skal tilmeldes innen 1.oktober?
Elever som vurderes til å søke etter §§ 4-21 og 4-22 i Akershus fylkeskommune ønsker i tillegg informasjon om elever som skal søke etter § 4-23 (opplæring i eller på tegnspråk), og elever som har større behov for fysisk tilrettelegging (som spesialtoaletter, døråpner, heis og lignende) uten at de har behov for omfattende individuell tilrettelagt opplæring. Se mer informasjon i vedlegget nederst i denne artikkelen.
Må søkere som kvalifiserer til inntak etter §§ 4-21 og 4-22 søke innen 1.februar?
Ja, en tilmelding er ikke en søknad. Det må søkes på vigo.no med vedleggsskjema. Dokumentasjonen som ble lagt ved tilmeldingen skal ikke sendes inn på nytt.
Hvordan finne relevant informasjon om tilmeldingsrutinene?
Informasjon om dette sendes ut på e-post til alle kommuner i Akershus, samt alle skolene som har avgangselever.
Når kommer svarbrev på tilmelding?
Svarbrev sendes ut innen 1.desember. Brevet sendes til eleven og til avgivende skole.
Hvordan kan dokumentasjon ettersendes?
All dokumentasjon skal foreligge når tilmeldingen sendes inn. Dersom ikke all dokumentasjon er klar for innsending, ettersendes dette så fort som mulig via eDialog.
NB! Tilmeldingen vil ikke bli vurdert før tilstrekkelig dokumentasjon foreligger.
Kan 1.februar-søkere endre søknaden etter søknadsfrist?
Søkere som søker om fortrinnsrett eller individuell behandling, kan ikke endre søknaden etter søknadsfristen med mindre det foreligger dokumenterte tungtveiende årsaker. Rådgiver ved avgivende skole kontakter seksjon inntak og dimensjonering så raskt som mulig.
Når får søker svar om inntak?
Som hovedregel skal fortrinnssøknadene være ferdig behandlet og inntaksvedtak sendt innen april/mai.