Sveisaren arbeider i mellom anna kjemisk og mekanisk industri, innanfor oljeverksemd, skipsbygging og treforedling.
Hovudoppgåva i faget er å føye saman metalliske materiale ved hjelp av forskjellige smelteprosessar. Sentrale arbeidsområde er
Ein sveisar må kunne arbeide svært nøyaktig, planmessig, rasjonelt og effektivt, både sjølvstendig og saman med andre. Du bør ha praktisk handlag og gode fagkunnskapar.
Faget krev ofte utdanning og sertifisering med diplom eller sertifikat i samsvar med internasjonale standardar og krav.