Utdanningsprogrammet har som føremål å gi elevar med interesse for idrett ei allsidig idrettsutdanning og å gi talentfulle idrettsutøvarar høve til å kombinere utdanning med toppidrett. Det gir grunnlag for å ta på seg trenarjobbar innanfor idretts- og friluftsliv, spesielt innanfor barneidrett. Utdanningsprogram for idrettsfag fører fram til generell studiekompetanse, som gir grunnlag for å søkje dei fleste studium ved høgskolar og universitet, til dømes ved Idrettshøgskolen. Avhengig av tilbodet ved skolen kan du fylle spesielle opptakskrav desom du kan velje programfag som matematikk og/eller andre realfag.
Vel du dette programområdet, bør du vere glad i og ha anlegg for idrett – her er det trening kvar einaste dag i skoletida. I tillegg bør du kunne meistre krevjande teoretiske fag.