Fylkeskommunen har ansvaret for skoleskyss for elevar i vidaregåande opplæring som er busette i fylket, og som bur meir enn seks kilometer frå skolen. Du kan få gratis skoleskyss eller skyssgodtgjersle. Nokre fylke har fått dispensasjon frå reglane om skoleskyss.
Dersom du vel eit anna opplæringstilbod enn det fylkeskommunen gir deg, har du ikkje rett på skoleskyss. Dersom du er lærling eller lærekandidat, eller følgjer eit opplæringstilbod organisert spesielt for vaksne, har du heller ikkje rett på skyss.
Informasjon frå Agder
Alle elever som skal søke om fri skoleskyss gjør dette ved å logge inn via ID-porten på AKT–s digitale søknadsportal: https://skoleskyss.akt.no.
Søk om skoleskyss så snart du har svart på opplæringstilbudet ditt.
Mer informasjon om skoleskyss kan du finne på AKT (Agder Kollektiv Trafikk) sine web-sider https://www.akt.no/planlegg-reisen/skoleskyss/ eller på Agder fylkeskommunes webside https://agderfk.no/vare-tjenester/samferdsel/skoleskyss/