Du kan velje mellom 15 utdanningsprogram. På sidene med utdanningsprogramma finn du omtale av programområda, kva for tilbod som finst i ditt fylke, og kva for tilbod den enkelte skolen har.
Søkjer du Vg1?
- Du må søkje tre ulike utdanningsprogram i prioritert rekkjefølgje. Dette gjeld òg ved omval.
- Fører du opp færre enn tre ønske, vil du kunne bli plassert på eit utdanningsprogram du ikkje har søkt.
- Du har ikkje rett til inntak på ein bestemt skole, sjølv om du har høve til å prioritere skolar. Klarer du ikkje å konkurrere deg inn ved nokon av dei ønskte skolane, kan du få tilbod om plass ved ein skole du ikkje har søkt.
Søkjer du Vg2, Vg3 eller læreplass?
Du har berre rett til å få plass på eit programområde som du er kvalifisert for. Dette gjeld òg ved omval. Før opp fleire ønske. Så langt som mogleg bør du utnytte alle moglegheitene i søknadsskjemaet.
Andre opplæringstilbod
Fylka kan også ha andre opplæringstilbod, til dømes fordjupingar innanfor eit programområde eller spesielt tilrettelagt opplæring.
Det er utarbeidd eigne opplæringstilbod og læreplanar for elevar som er
Informasjon frå Agder
Tilbud i Agder fylkeskommune for skoleåret 2026/2027
Se vedlegget “Tilbud i Agder 2026-2027” nederst på denne siden, som viser en oversikt over hvilke programområder som finnes på de ulike videregående skolene i Agder.